torsdag, mars 20, 2008

Film frå Changemakeraksjonar

På Fasteaksjonsdagen den 11.mars aksjonerte Changemaker frå tidleg morgon i Oslo sentrum for å kreve økt kontroll av norsk våpeneksport. Samme dag samla Kirkens Nødhjelp inn pengar til sine prosjekt i Somalia, Etiopia, Irak og Israel og Palestina. Sjå Changemakers eigne youtube-film her:


http://www.youtube.com/watch?v=Eteg5frimhU

torsdag, mars 06, 2008

Krev økt kontroll av norsk våpeneksport!

Norge er ein av verdas største våpeneksportørar. Den norske stat eig halvparten av aksjane i ein av verdas største våpenfabrikkar. Norskprodusert våpen og ammunisjon skal ikkje selgjast til land i krig eller til land der det vert gjort grove brot på menneskerettane. Likevel havnar norske kuler opp i Irak, Somalia og Saudi Arabia. Norge har nemlig ingen kontroll på kvar norskprodusert våpen og ammunisjon ender opp, for vi krev ikkje sluttbrukarerklæring av våre nærmaste allierte og vi har ikkje fullgod merking av norske kuler. Changemaker krev derfor at regjeringa må bruke sin innflytelse som eigar i våpenfabrikkar til å sikre at ingen av kulene vi produserer kjem på avveie.

Ver med og krev økt kontroll av norsk våpeneksport!




Meir om Changemaker sin kampanje finn du her:
http://www.changemaker.no/article/articleview/7549/1/32/


Norge - ein fredsnasjon?